søndag 26. mai 2013

Planting i krukker og kar :)

I går var det den store sommarblome-plantedagen i heimdalhagen.
Herleg med fargeklattar rundt om og grøne plenar!



I verandakassen under kjøkkenvindauga blei det slyng-pelargonia iår.


I ei korg på bordet har eg sett tre engelske-pelargonia.



Romantiske, gammaldagse blomar passar perfekt til huset.


Nellik i mor sine gamle kjøkkenkrukker.




Kvit lobelia og rosa margeritter.




Lilla surfina.


Mandarinrose og stemor.


Løvemunn i krukkene og campanula i sykkelkorgene.


Senetti og surfina, blåstråle og surfina.


Senetti og bacoba. Tvillingblomst i dei små krukkene.



Kjekt å kome heim til dette :)


I sinkbaljene har eg knollbegonia i den største og femtunge i den mellomste.
Her er det skugge store deler av dagen så eg måtte finne blomar 
som kan trivast også utan sol.
I den minste stampen står sedum, hadde takløk her også, 
men den har gått dukken. Så her må eg spe på med eit eller anna.


Løvemunn får stort sett stå i fred for sneglar så det passar godt 
her ved bladliljene som trekker sneglar.


Elles er det rhododendronbløming som er finast i hagen akkurat nå.





Staudebeda treng sårt om å bli ruska opp i, men véret ser ikkje lovande ut dei neste dagane.


Idag har hagehanskane fått kvile medan eg har kosa meg på terassen :)


til oss :)


Takk for koselege kommentarar :)
Ha ei fin maiveke :)

fredag 24. mai 2013

Rhododendron

Dei første rhododendronbuskane blømer og lyser opp
 som friske fargeklattar i heimdalhagen i desse dagar.






Idag har eg handla masse sommarblomar som skal stå i krukker og kar :)
Gledar meg til "hagedag" i morgon :)

Eg takkar så masse for kommentarar her på bloggen,
og ønskjer alle ei fin vårhelg :)

torsdag 16. mai 2013

Magisk kveldslys over Bokn :)



Så letta regnet seint i gårkveld og

 skaparen tømde eit spann med rosa maling over ein kveldsblå himmel...



Ønskjer alle ei fin 17.mai-feiring i morgon :)

torsdag 9. mai 2013

Endeleg vår!

 Så kom våren i år også, seint, men godt :)
Bjørka har fått museøyre og graset veks.
Idag har det regna og vore grått heile dagen.
Eg var ute mellom bygene for å knipse litt:)




Lurer på omdet er liv i lyngen til høgre her... Den er iallefall heilt brun nå.


Påskeliljer og perleblom, staudene er ikkje komne så langt ennå.





Vårkjærminne.


Peonspire.


Det meste som blømde ifjor spirer iår. Heldigvis :)



Grått då eg var ute tidlegare, men nå ikveld kikkar sola fram :)