tirsdag 29. januar 2013

Til minne om mor.

28. januar 1923 var mor sin fødselsdag. 
Det er nå litt over tre år sidan ho døydde.
Tenkte ekstra på henne igår.
 Mor var glad i dikt og små vers.
Fann ho noko ho lika i bøker eller blad skreiv ho det ofte ned i notisbøker 
eller på små lappar.
Då me døtrene rydda i tinga hennar fann me mellom anna dette:


Ein vårfrisk draum som kan atter venda
Eit fagert minne som ljos kan senda
Det heilar hugen so hjarta lær,
kor stussleg kring deg alt elles er.



Til minne om, og med stor takk til mi snille, gode mor.

søndag 27. januar 2013

Vinter ute, vår inne :)

Ei liten forsmak på vår på bordet :)

 Eg hadde ingen passande potter så då blei det mors gamle sausnebb i staden. 


Skulle heller hatt rosa blomar kanskje, men det får våge seg. 

Primula likar seg ikkje noko særlig i stovevarmen, 
men eg ser på dei som ein bukett og nyt dei så lenge dei varer :)

tirsdag 22. januar 2013

Tankereise gjennom liv og landskap.

(Ut for å teste det nye kompaktkamera mitt. Canon Powershot G15)

Er du tittgjengd på bloggen min har du heilt sikkert vore med meg på denne turen før,
men har du likevel lyst å bli med på er du velkommen :)
Landskapet er det same, men årstid, vind og ver gjer at turopplevinga 
kan endra seg mykje frå gong til gong.

Når eg er ute og går får tankane fritt spelerom. 
Då kan eg analysere nederlag, glede meg meg over meistring, 
glede meg over alle gode menneske i livet mitt, 
oppleve årstid, vind og ver, og stemningar rundt meg.
Andre gonger tømer eg hovudet og berre ER i naturen.

Eg er ein person som treng å høyre til,
ha ei bygd som eg kjenner meg heime i,
vite at her har eg minne på godt og vondt.

Museet vårt, her ligg fortida til boknarane for dei som har lyst å sjå.
Då eg var lita jente var eg her ofte, då var det basarar,
 juletrefestar og andre aktivitetar som fylte huset.
Stolane hadde eit brett på ryggen som me slo ned når asjettar
 med serviettar rundt blei delte ut i benkeradane. 
Ei halv skive med ost, ei med servelat, ei med fiskepudding 
og ei grovbrødskive med egg og sild.
Å, men eg gleda meg, og så kjekt som det var!
Nå i desse multimedia-tider og mengder av tilbod 
er det vanskeleg å sjå for seg korleis det var.

Kyrkja, eit trygt haldepunkt i høgtid og glede, men også i sorg.

Godt å kunne ta ein snartur innom til mor og far, plante om våren, luke og vatne om sommaren,
 legge på krans om hausten, tenne eit lys om vinteren, eller berre stå her ei lita stund.

Denne dagen var det stille her, berre ein svarttrost hoppa rundt på jakt
 etter kristornbær eller noko anna etande.

Naturen har så mange uttrykk. Ei vintersnau bjørk strekker mjuke greiner mot himmelen.

Store vintergrøne graner har stått her i ein mannsalder eller to,

rotfeste i skrinn jord. Majestetiske er dei der dei står som ein vegg
 mot nordavinden eller synnavinden alt etter som.

Hustrig med bleike jordfargar ligg beitelandet langs vegen.

Menneske har sett sitt preg på kulturlandskapet på ulike måtar gjennom tidene. 
Grenser og stengsler har eg inni meg også, nokre skal stå medan andre bør rivast.

Kva møter oss over neste bakketopp mon tru? Her veit eg fordi eg har gått her så mange gonger.
Kva som møter meg over neste bakketopp i livet veit eg mindre om...

Av og til står grinda vidopen og vegvalet er lett å ta.

Andre gonger er eg usikker. Skal eg prøve noko nytt...

eller skal eg halde meg til det sikre, der eg kan sjå vegen vidare langt fram.

  Det er lett å gro fast og bli ståande...

Av og til treng eg å studere livet og omgjevnadane nøye,

sånn skikkeleg under lupa (eller gjennom macro-objektivet).

Kanskje må eg skrelle av nokre lag kvardagar for å sjå det vakre som ligg gøymt under.

Når eg er i skuggelandet og grinder synest lukka

er det godt å finne gjerdeklyverar langs vegen.

Tunge motbakkar er det innimellom, men her oppe i høgda er det lettare å få oversikt.

Inn i det ukjente...

eller søke mot lyset på vante stiar.

Våga tru på tøvèr og vår når kulda tar tak...

Finne ein kvilebenk i ein lysning i mørk skog.

Våge å følgje nykvista stiar og oppleve noko nytt.

Snu andletet mot sola...

Finne lys og fargar i mørke.

Sjå sola strøyme mellom treleggene og gylle visne grastuster.

Vite at i knoppane på turre kvister ligg kimen til ein grøn vår...

Her ute i skogen hentar eg energi og ladar halve batteriet mitt, det andre halve
ladar eg ved å vere saman med familie, venner og gode kollegaer.
Så får framtida vise... :)


(Og ja eg er veldig nøgd med kamera og ser fram mot nye fototurar!)

God vinterveke til deg som gjestar meg :)

lørdag 19. januar 2013

Velsignet være de enkle ting.







Velsignet være
Velsignet være
de enkle ting,
de trofaste ting
som er stilferdig
hos oss i dagene
og fyller dem med duft
som av hvitskurt tre.

God redskap i hendene,
grovt brød når du er sulten,
et ly mot uvær, noen
som venter på deg
og hører at det er du
som trår i ganggolvet...

Det er i lognene
der vatnet flyter ugrumset stille,
elva speiler fuglene og himmelen.

Hans Børli

fredag 18. januar 2013

Livsinnstilling.











 Livsinnstilling

Livsinnstilling-
ditt ståsted i livet
din holdning til hva livet kan gi deg
av gleder,opplevelser og utfordringer
Du kan bare vinne
og ikke tape
på positiv innstilling
Lillian Unneland